Knut Haugen sluttar som kommunedirektør

Foto av kommunedirektør Knut Haugen - Klikk for stort bilde

Blir direktør i SpareBank1 Nordmøre.

Knut Haugen sluttar som kommunedirektør

Knut Haugen har sagt opp som kommunedirektør i Surnadal kommune. Han har hatt stilling som kommunedirektør i Surnadal sidan 2012. Den gongen kom han frå stilling som viseadministrerande banksjef i Surnadal sparebank. Etter sommaren ventar nye oppgåver i stilling som Direktør forretningsstøtte i SpareBank1 Nordmøre. 

Vi tok ein liten prat etter at nyheita sprakk på jobben i dag.

- Eg sa eg aldri skulle tilbake til banken. Men eg har lært at ein aldri skal seie aldri. Dette blir min andre runde tilbake etter å ha jobba på utsida av banken. Men denne gongen opplever eg ikkje at eg returnerar til same bank. SpareBank1 Nordmøre framstår som ein ny bank med eit større område, samtidig som eg kjenner meg att. Den nye stillinga inngår i konsernleiinga i ein større bank med solid lokalt fotfeste, med både nye og kjente fjes. Det ser Haugen fram til.

Overraska og imponert

Som nytilsett kommunedirektør var læringskurven bratt. - Eg vart overraska over det ekstremt vide spennet i oppgåver som ein kommune driv på med. Det er for eksempel ti-tolv ulike måtar å rense vatn på. På mitt første besøk på Sommarro (avdeling i Bu og aktivitetstenesta) oppdaga eg at det jobba seksti personar der, ikkje eit fåtal, som eg trudde. I ei lita oppsummering etter mange år som kommunedirektør er det plass til litt etterpåklok sjølvironi. - Humor er forresten utruleg viktig.

Det å kunne spøke og tulle litt med kvarandre, sjølv om arbeidsoppgåvene ofte er ansvarstunge, er berre sunt. Jobb er tross alt ikkje så alvorleg, seier Haugen, og siktar til at med høge forventningar i jobbkvardagen, er det lett å gløyme å sjå jobben og si eiga rolle i eit større perspektiv. 

- Vi har mange dedikerte og dyktige fagfolk som utgjer ein svært solid grunnmur i Surnadal kommune. Mange av dei jobbar når andre har fri. Eg dristar meg til å påstå at vi har ekstra dyktige folk i vår kommune. Det gjeld i dagleg drift, såvel som i kriser. 

Ein tilgjengeleg og lite byråkratisk kommunedirektør

Arbeidsdagen som kommunedirektør har dimensjonar over seg som få andre jobbar. - På ein og same dag kan eg vere i befatning med barnevern, plan, ei avløpspumpe, skrive saksframlegg og ha ein vanskeleg samtale med ein medarbeidar. Kanskje er jobben som kommunedirektør den mest spennande jobben ein kan ha i ein kommune, seier Haugen.  - Eg har lært utruleg mykje i desse åra. Føler nesten eg har tatt dobbel mastergrad. Eg har nok også vorte flinkare til å forstå viktigheita av samskaping og samarbeid. (Det såg han meir på som heft før han vart kommunedirektør.)

- Det er ikkje alltid ein føler ein har kontroll med økonomistyringa og leverer slik politikarane forventar. Ein må også handtere å seie opp eller flytte på folk, og ta ein konfliktsamtale. Ikkje minst må ein handtere at mykje av jobben foregår i full offentlegheit. - Ein sit på ein måte i glasbur med høgtalar på. Men slik skal det vere. Han humrar litt når han minnest uttalen sin om å legge ned Stangvik aldersheim på ein budsjettkonferanse på Veiholmen i si tid. - Det var eit uheldig eksempel på handtering av prosessar i full offentlegheit. 

Han beskriv seg sjølv som utålmodig og lite sjølvhøgtideleg. 

-Eg har aldri prøvd å vere nokon super-byråkrat. Eg er heller ikkje ein spesielt flink saksbehandlar. 

Knut ønskjer derimot å framheve det gode lagspelet i drifta av kommunen. - Det gode samarbeidsklimaet vi har mellom den politiske og administrative dimensjonen, med respekt for kvarandre sine roller, kjem innbyggarane til gode. - Eg har nok vorte flinkare til å forstå viktigheita av samskaping og samarbeid. 

Noko av det eg har sett ekstra høgt, er den årlege runden med utdeling av konfektesker i alle einingane før jul. Slike små kaffelag er noko av det kjekkaste. - Eg skulle gjerne hatt meir tid til å sette meg og prate med trivelege og dyktige folk. I tillegg må eg nemne at eg har tykt det har vore kjempeartig å få lov til å vie fire ektepar! Det var både ei høgtideleg og triveleg oppgåve, som eg aldri trudde eg skulle få utføre. 

-Vi er til for innbyggarane. Å gi god sørvis og strekke oss lenger enn det som er forventa når innbyggarane henvender seg til oss for råd eller hjelp, og vere ein JA-kommune, er noko vi heile tida må etterstreba. 

Sjølv har han fått litt peppar internt for å vere for tilgjengeleg. At han svarar på e-post og SMS-ar på ørk og helg og til alle døgnets tider, når han kan. No er han blant kommunedirektørar i Midt Norge som har stått aller lengst i stillinga. 

- Eg vil ikkje gi råd til etterfølgaren min. Det er positivt med nye tankar, nye måtar å sjå og gjere ting på. Med meg berer det også rett ut på djupt vatn i ny stilling. Men med ein liten oksygentank blir det muleg å dykke under overflata, avsluttar Knut. 

-Lat berre døra mi stå oppe når du går!

Vi ønskjer Knut lykke til i både kjent og ukjent farvatn og takkar for den gode innsatsen i Surnadal kommune.