Kommunedirektøren har lagt fram forslag til Økonomi- og handlingsplan for 2027 - 2030

Forslaget dekker inn resten av meirforbruket frå 2024 og 2025 innan 2029. Samtidig aukar investeringane, mest på grunn av helsehuset. Kommunestyret gjer endeleg vedtak 17. desember.

Foto. Panoramamotiv av Surnadal - Klikk for stort bilde Ane Mogstad Strand

Økonomi- og handlingsplanen viser korleis kommunen skal bruke pengane dei neste fire åra. Den inneheld budsjettet for 2027 og økonomi- og handlingsplan for 2027–2030.

Overskot går til å betale ned meirforbruk

Forslaget har eit overskot (netto driftsresultat) på 16,8 mill. kr i 2027. Pengane går til å dekke inn meirforbruket frå 2024 og 2025, som til saman er 40,7 mill. kr. Etter forslaget er heile meirforbruket dekt inn innan utgangen av 2029. Det er innanfor fristane som gjeld for kommunar i ROBEK. Kommunen set ikkje av pengar til buffer (disposisjonsfond) før i 2029.

Helsehuset er den største investeringa

Planen legg opp til investeringar på 245,0 mill. kr i 2027 og 326,7 mill. kr i 2028. Av dette er 208,8 mill. kr og 319,0 mill. kr til helsehuset. Helsehuset skal etter planen stå ferdig tidlegast ved utgangen av 2028 og få 96 rom. Det meste av investeringane blir finansierte med lån. Derfor aukar gjelda og utgiftene til renter og avdrag i perioden.

Lågare ramme, færre årsverk og organisasjonsendring

Samla ramme for einingane går ned frå 535,6 mill. kr i 2027 til 511,0 mill. kr i 2030. Budsjettet bygger på om lag 574 årsverk i 2027, mot om lag 594 i 2026. Fleire einingar blir slått saman. Midtigrenda barnehage og Øye og Solbakken barnehage blir til Sentrumsbarnehagane, og dei tre oppvekstsentra blir éi eining.

Pris- og gebyrregulering

Kommunale gebyr og prisar aukar som hovudregel med 5,0 prosent. Gebyra for vatn, avløp og feiing aukar samla med 4,1 prosent. Alle satsane står i gebyr- og prislista i den digitale planen.

Slik går behandlinga vidare 

  • 10.- 12. november: Råd og utval behandlar forslaget
  • 17. november: Formannskapet behandlar forslaget. Etter planen blir det da lagt ut på høyring med frist 1. desember
  • 8. desember: Formannskapet behandlar høyringsinnspela.
  • 17. desember: Kommunestyret gjer endeleg vedtak

Fordi Surnadal er i ROBEK, skal Statsforvaltaren kontrollere budsjettet og godkjenne låneopptaka.

Les meir

Kommunedirektøren sitt forslag til økonomi- og handlingsplan for 2027-2030 (Framsikt)

Samandrag av forslaget (pdf) (PDF, 263 kB)