Kommunehuset held stengt i veke 30 og 31 (f.o.m 20. juli t.o.m 31. juli). Dørene til kommunehuset vil vere stengde for besøkande i perioden, men innbyggarar med avtale kan møte som avtalt med saksbehandlar.
Kva betyr dette for deg?
Du kan ikkje møte opp på kommunehuset utan avtale.
• Sentralbordet vil ikkje vere bemanna i veke 30 og 31.
• Enkelte administrative tenester vil ha redusert tilgjenge i perioden.
• Det må reknast med redusert tilgjenge og lengre svartid på enkelte førespurnader og saker.
Nødvendige tenester blir oppretthaldne
Kommunen vil framleis levere nødvendige og lovpålagde tenester gjennom sommaren.
Nødvendige helse- og omsorgstenester, tekniske vaktordningar og beredskapsfunksjonar blir oppretthaldne gjennom heile perioden.
Postmottak og arkivfunksjon vil bli handtert og registrert som vanleg.
Slik kjem du i kontakt med kommunen
Når du ringer kommunen sitt hovudnummer i veke 30 og 31, får du informasjon om ordninga og følgande tasteval:
- Tasteval 1 – Heimetenesta (90 20 63 98)
For utskrivingsklare pasientar, brukarar av heimetenesta og andre som har behov for kontakt med heimetenesta. - Tasteval 2 – Teknisk drift (41 63 53 88)
For hastesaker knytte til veg, vatn og avløp eller andre tekniske hendingar som krev rask oppfølging, til dømes lekkasjar eller skadar.
Førespurnader om byggesak og ordinær saksbehandling vil ikkje bli behandla via denne vakttelefonen.
Her finn du oversikt over andre viktige vakttelefonar
Du kan også sende e-post eller post til kommunen som vanleg.
Ved akutte hendingar som gjeld liv og helse skal du som elles kontakte naudetatane.
Vi takkar for forståinga og ønsker god sommar!