Dørene til både kommunehuset og Familiens hus (Helsestasjonen) vil vere stengde f.o.m 20. juli t.o.m 31. juli. Dette er eit tiltak for å samordne ferieavviklinga og sikre best mogleg ressursutnytting og drift gjennom ferieperioden.
Innbyggarar med avtale kan møte som avtalt med saksbehandlar eller ringe bemanna direktenummer (sjå under).
Kva betyr dette for deg?
Du kan ikkje møte opp på døra utan avtale på førehand.
• Sentralbordet vil ikkje vere bemanna i veke 30 og 31.
• Enkelte administrative tenester vil ha redusert tilgjenge i perioden.
• Du må rekne med noko lengre svartid på enkelte førespurnader og saker.
Nødvendige tenester blir oppretthaldne
Kommunen vil framleis levere nødvendige og lovpålagde tenester gjennom sommaren.
Nødvendige helse- og omsorgstenester, tekniske vaktordningar og beredskapsfunksjonar blir oppretthaldne gjennom heile perioden.
Postmottak og arkivfunksjon vil bli handtert og registrert.
Slik kjem du i kontakt med kommunen
Når du ringer kommunen sitt hovudnummer i veke 30 og 31, får du informasjon om ordninga og følgande tasteval:
- Tasteval 1 – Heimetenesta eller ring direkte 90 20 63 98
For brukarar av heimetenesta og andre som har behov for kontakt med heimetenesta, f. eks ved utskrivingsklare pasientar. - Tasteval 2 – Teknisk drift eller ring direkte 41 63 53 88
For hastesaker vdr. veg, vatn og avløp eller andre tekniske hendingar som krev rask oppfølging, f. eks lekkasjar eller skadar.
Førespurnader om byggesak og ordinær saksbehandling vil ikkje bli behandla via denne telefonen. - Tasteval 3 - Helsestasjon/flyktningehelse eller ring direkte 71 65 58 80
Ved akutte hendingar som gjeld liv og helse skal du som elles kontakte naudetatane.
Her finn du oversikt over andre viktige vakttelefonar
Vi takkar for forståinga og ønsker god sommar!