Kommunen vurderer justeringar i landbruksdrifta som følge av endra klimatiske forhold - Surnadal kommune - Startsida

Kommunen vurderer justeringar i landbruksdrifta som følge av endra klimatiske forhold

Nye klimarapportar peikar på at dei kommande åra kan bli prega av meir markerte svingingar knytt til El Niño‑fenomenet. Kommunen har sett i gang ein brei fagleg gjennomgang. 

Prognosane viser at Nordvestlandet kan få fleire periodar med høgare vintertemperaturar, auka nedbør i form av regn og lengre fuktige vekstsesongar enn det som til no har vore vanleg. Kommunen vurderer at desse forholda kan påverke driftsgrunnlaget i landbruket og har difor sett i gang ein brei fagleg gjennomgang av mogleg framtidig tilpassing.

Aktuelle nye vekstar

Basert på dei klimatiske vurderingane ser kommunen behov for å undersøke eit utvida spekter av vekstar som kan vere aktuelle under dei endra forholda. Mellom dei plantene som no blir vurdert i avgrensa omfang, er:

  • søtpotet – vurdert som særleg eigna for sørvendte lier
  • peanøtter – foreslås innført som pilot i fjordnære område; kommunen forventar «stor grad av agronomisk respons».
  • ris  – vurderast som mogleg i areal med tidlegare kjende dreneringsutfordringar
  • oliven- «kan på lengre sikt tilføre kommunen eit nytt næringsmessig bein å stå på».
  • kakao  - utgreiast som del av eit forskingsprosjekt i samarbeid med Institutt for nordleg tropelandbruk (INT)

Jordbrukssjef Mona Rosvold opplyser at dei nye vekstane «viser utviklingstrekk som gjer dei relevante å vurdere i lys av prognosane vi no har tilgjengeleg».

Utnytting av vårflaumen langs Surna

I samband med vurderinga av risproduksjon peikar jordbrukssjefen òg på at dei årlege vårflaumane langs Surna representerer ein ressurs som til no ikkje er utnytta i særleg grad.  Rosvold  viser til at dei naturlege oversvømmingsområda kunne vere godt eigna som grunnlag for etablering av rismark i avgrensa omfang. Da særleg hurtigris.

Ho uttrykkjer samtidig at kommunen «saknar ei meir innovativ og utprøvande haldning hos næringa» når det gjeld å sjå moglegheitene i dei naturlege hydrologiske tilhøva:
– Vi har i fleire år peika på at vårflaumen kan nyttast meir aktivt som ein ressurs enn som ei utfordring. Det ville vere positivt om fleire bønder vurderte pilotfelt for ris der forholda ligg særleg godt til rette.

Asparges som særleg satsingsområde

I tillegg løftar kommunen fram at dei øvre delane av Surnadal allereie i fleire år har vore vurdert som særleg eigna for dyrking av asparges. Dei godt drenerte jordtypane, kombinert med stabile vårtemperaturar, gir ifølgje kommunen «svært gode føresetnader for lønsemd og avlingstryggleik».

Kommunen peikar likevel på at det framleis er få bønder som har teke i bruk denne produksjonen, trass i fleire faglege anbefalingar. I rapporten heiter det at ein «framleis ikkje fullt ut forstår kvifor potensialet ikkje er utnytta i større grad».

Husdyrhald og beiteressursar

Endringar i temperatur og fuktigheitsnivå kan òg påverke kva husdyrartar som vil vere best eigna i enkelte område. Det blir difor vurdert om følgjande artar kan inngå i forsøksvis drift:

  • dvergsebu og minizebu
  • alpakka og lama
  • kamerungeit – kjent for å trivast i ustabilt klima

Det blir presisert at vidare faglege avklaringar må gjennomførast før eventuelle endringar kan anbefalast.

Skogbruksmessige vurderingar

Skogbrukssjef Tore Gjul peikar på at treslag som toler høgare middeltemperatur og meir nedbør kan bli aktuelle i framtida. Kommunen vurderer difor å etablere avgrensa forsøksfelt for mellom anna eukalyptus og korkeik for å kartleggje vekstvilkår og langsiktig berekraft. 

 - Vi etablerer no ordninga Prøvefelttilskot for innovative kulturar (PIK) for bønder som vil teste. Slik kan vi posisjonere oss for framtida, og sikre tilgang til både ved, olje og vinoppkrukking dersom behovet skulle melde seg.

Tilskotsmessige verkemiddel

Som del av vurderingane ser kommunen behov for å utgreie målretta støtteordningar, mellom anna for:

  • investering i alternative vekstar
  • klimatilpassa husdyrhald
  • etablering av forsøksfelt og pilotprosjekt

Arbeidet vil bli vidareført i dialog med næringa og relevante faginstansar.

Økonomiske utsikter

I den innleiande analysen blir det òg peika på at mogleg verdiskaping knytt til nye vekstar og husdyrkategoriar kan gje ein positiv effekt på kommunen sine framtidige inntektsmoglegheiter. Dersom dei klimatiske utviklingstrekka held fram og tiltaka viser seg å vere gjennomførbare, vurderer kommunen at dette på sikt kan bidra til ei styrking av driftsgrunnlaget og ei gradvis betring av den økonomiske situasjonen.

Dette kan etter administrasjonen si vurdering «på lengre sikt redusere behovet for statleg kontroll og medverke til å bringe kommunen ut av ROBEK‑registeret».

God påske og lykke til med våronna.