Tenk på framtida no - saman med oss!
Andelen eldre aukar kraftig i Surnadal kommune dei neste 10-20 åra medan andelen i arbeidsfør alder minkar. Kommunen vil verken ha økonomiske eller bemanningsmessige ressursar til å yte same nivå av institusjonsbasert omsorg som i dag.
Dette betyr at vi må tenke nytt og finne løysingar saman med innbyggarane. Vi må omstille oss og saman planlegge for å kunne gi deg nødvendige helsetenester når du treng dei. Vi treng at du aktivt involverar deg og medverkar med dine innspel og kunnskap for å skape trygge dagar og tenester for framtida saman med oss.
Spørjeskjema om korleis du bur og ønsker å bu framover
Trygge og gode bustader reduserer behovet for helsetenester og gjer at du kan bu lengre i eigen heim. Som eit ledd i dette ber vi deg om å svare på eit spørjeskjema om korleis du bur og ønsker å bu i framtida. Vi spør både yngre (for eksempel yngre kronikarar), vaksne og eldre.
Dess tidlegare vi får eit bilete av innbyggarane sin bustadsituasjon, ønsker og behov, dess betre og raskare kan vi planlegge med omsyn til organisering av tenester, bustadpolitikk, reguleringsplanar og samarbeid med Husbanken og utbyggarar.
Digitalt skjema
Du kan svare på undersøkinga ved å gå til lenka under. Er du pårørande eller kjenner nokon som treng ei påminning eller hjelp til å svare, er det fint om du bistår med dette. Du svarar anonymt.
Gå til spørjeundersøkinga
Papirskjema
Spørjeskjemaet er også tilgjengeleg i papirversjon i servicetorget på kommunehuset, på kulturhuset og blir distribuert via tenestene og på ulike treffpunkt/møtearenaer framover. Du kan også skrive ut spørjekjemaet her. (PDF, 251 kB)
Lever utfylt papirversjon i servicetorget eller send det per post til Surnadal kommune, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal.
Svarfrist
I første omgang vil vi bruke svara vi får inn under Boligkonferansen 26. september. Det er difor viktig for oss at så mange som mogleg svarar innan 19. september.
Spørjeskjemaet vil vere tilgjengeleg inntil svarprosenten er god.