Ordførarar i Nordmøre regionråd IPR
Ellen Engdahl
Styrker Nordmørslaget
Kommunane i Nordmøre regionråd IPR har har vedtatt ein rammeavtale for ei meir heilskapleg strategisk styring i arbeidet for å utvikle meir bærekraftige og nyskapande løysingar innan ulike tenesteområde i kommunane på Nordmøre.
Med dei økonomiske og demografiske utfordringane som kommunane i regionen står i og ovafor i åra som kjem, vil det vere avgjerande å finne nye måtar å samarbeide på som kan sikre god ressursforvaltning og gode tenester til innbyggarane.
Nordmørsregionen har allereie etablert eit godt fundament for interkommunalt samarbeid, gjennom ulike vertskommunesamarbeid, IKT-samarbeid, felles innkjøpsordning og fleire fagnettverk. Dette har gitt oss nyttige erfaringar vi kan bygge vidare på.
Hovudoppgåver og ansvarsområde for prosjektleiar
- evaluere utvalde vertskommunesamarbeid for å få fram erfaringar og eksempel som grunnlag for arbeidet
- vurdere nye samarbeidsområde innan tenester og forvaltning i kommunane basert på realisering av gevinstar og auka utviklingskraft
- utarbeide ein modell for interkommunale samarbeid med organisasjonsform og kostnadsfordeling
- bidra til oppstart av minst eitt nytt tenestesamarbeid
- daglig leiing, sikre framdrift og budsjettansvar for prosjektet
- god dialog med kommunane
Vil du spele ei nøkkelrolle i eit viktig arbeid for Nordmøre? Da må du søke jobben som prosjektleiar! Søknadsfristen er 24.11.2025.
Gå til stillingsutlysing