Lokal beredskap inn mot ein våt og vindfull start på helga

Vi har gult farevarsel for både regn, flom, jorskred og kraftige vindkast. Dette i kombinasjon med svekka tre etter stormen sist helg, gjer at vi kan få ytterlegare trevelt over vegar og strømlinjer.

Bruk av jaktradio ved utfall av mobilnett

Som eit føre var- tiltak vil teknisk vakt og lokalt brannmannskap aktivere jaktradio frå fredag kveld, og kan motta viktige meldingar over kanal Jakt 1, dersom vi får utfall i mobilnettet. Skulle dette skje oppfordrar vi alle som har jaktradio om å slå på denne.

Lokale brannmannskap i Todalen, Kvanne, Bøfjorden er alltid utstyrt med hjertestartar og nødnettradio. 

Surnadal kommune disponerer tre satelittelefonar. Den eine er fast stasjonert på sjukeheimen, ein annan er dedikert kriseleiinga og ein tredje blir disponert av teknisk vakt. Våre satelittelefonar blir aldri førehandsstasjonerte ut i delar av kommunen, da desse skal vere disponible for å sikre liv og helse i heile kommunen, på oppdrag frå eventuell kriseleiing.

Vi minner om dei nasjonale råda om å ha eigenberedskap for 7 døgn og ønsker alle ei god helg.