Lokalpolitikarar les poesi i din lunsj

Plakat Nasjonale bibliotekdagar - Klikk for stort bildeNasjonale bibliotekdagar arrangeres i Surnadal

Til veka er det Nasjonale bibliotekdagar – og i Surnadal vil lokale politikarar lese dikt til deg! 

Bibliotekdagane sett fokus på lesing og leseglede, og Surnadal bibliotek markerer dette med tre arrangement.  

I det første, onsdag 30. august kl. 12, er alle sju parti som stiller liste ved valet i Surnadal inviterte til å lese eigne utvalde dikt – og alle sju stiller med ein diktlesar kvar! Sporty gjort! 

Biblioteket inviterer difor til poetisk lunsj med sju lokale politikarar. Eventuell mat(pakke) må de ta med sjølve, men biblioteket vil bidra med ein kaffe- eller tekopp til deg som møter. 

Torsdag kl. 10 vil biblioteket invitere til lesestund for dei mellom fire og sju år. For å ha kontroll på «innsiget», må ein kontakte biblioteket på førehand og melde seg på. Dette er såleis mest aktuelt for barnehage- eller småskulegrupper.  

Fredag 1. september kl. 13 blir det litterært pusterom – og altså på dagtid denne gongen; ver med og del leseopplevinga i ei mindre gruppe med ein leiar som les ei tekst og eitt dikt.

Påmelding til biblioteket (på nett eller telefon 476 80 797).