Lotteri- og stiftelsestilsynet - Støtte til lag

Lotteri- og stiftelsestilsynet administrerer to ordningar som kan føre til muleg vesentlege tilskot for laga det gjeld. Ordningane er:

TILSKOT TIL ARRANGEMENT OG AKTIVITETAR

Føremålet med denne ordninga er å stimulere til aktivitet i frivillige lag og organisasjonar, men den gjeld også arrangement eller aktivitet som har måtta bli avlyst grunna restriksjonar eller råd frå styresmaktene i samband med covid- 19.

Oppdatert søkarliste og utbetaling finn du nederst på sida.

Ordninga gjeld for perioden 1. januar til 31. oktober 2021. Ein må vera registrert i Frivillighetsregisteret for å søkje.

Søknadsfristen er 15. november.

MOMSKOMPENSASJON PÅ IDRETTSANLEGG

Denne ordninga gjeld bygging eller rehabilitering av idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og anlegg for friluftsliv i fjellet. Ordninga omfattar ikkje drifts- og vedlikehaldskostnadar.

Søknadsfristen er 1. desember.

Gå også inn på https://lottstift.no/for-frivilligheten/ for å lese meir om desse to ordningane – og andre ordningar tilsynet administrerer. Der får du også sjekka ut om akkurat ditt lag kan vere aktuell for å få støtte.