Hovudutval for tenesteutvikling utsette å gjere vedtak om kva innstilling dei skulle gi til kommunestyret om retningslinjene for motorferdsel i utmark til novembermøtet. Endeleg vedtak i kommunestyret er difor utsett til 18. desember.
Dei løyva som er gjevne for fleire sesongar gjeld for antal sesongar som står på løyvet, sjølv om retningslinjene blir reviderte eitt år tidlegare enn planlagt. Det betyr at dei som har fleirårige løyve har gyldige løyve for vintersesongen 2025/2026.
Det blir anledning til å søkje om nytt løyve under vilkåra i dei nye retningslinjene når desse er vedtatte.
Kommunen har no starta med å sende ut køyrebøker for kommande sesong til dei som har løyve frå før. Utsendinga skjer i den rekkefølgja søknadene kom inn.
Sender du inn søknad om motorferdsel i utmark i god tid før dei nye retningslinjene er vedtatte, kan du  bestemme om søknaden skal bli  behandla etter dei gamle retningslinjene eller bli sett på vent til dei nye føreligg. Søknadar etter dei eldre retningslinjene kan bli behandla raskare, men blir gyldig kun for éin sesong. Skriv om søknaden din skal bli behandla etter dei eldre eller nye retningslinjene.