Desse har laga årets program for markering av 8. mai i Surnadal kommune: Frå v. ordførar Hugo Pedersen, Olav Jostein Holten (Nordmøre Forsvarsforening), Bernt Bøe (Bøfjorden Historielag), Einar Grønnes (Stangvik Historielag), John Moe (Todalen Historielag) og Marit Haugen (Stangvik Historielag).
Anne Lise With Vullum
Program
Den 8. mai feirar vi frigjerings- og veterandagen. Denne dagen markerer datoen dei tyske militære styrkene kapitulerte i 1945, og Norge vart fritt etter fem år med okkupasjon. Dagen er dedikert til både å markere Norges fridom, samt å heidre våre veteranar.
Under kommunestyremøtet 8. mai vil ordførar ha ei lita markering.
På runden på ettermiddagen blir det dikt og musikkinnslag, tale ved ordførar og kransepålegging ved bautaene til minne om dei tre av våre som mista livet da krigen braut ut. Harald Moen frå Forsvaret deltek også.
Markeringane ved dei ulike bautaene den 8. mai skjer til desse tidene:
- Åskard kyrkje: kl 17.00 (Gunnar P. Bøe)
- Stangvik kyrkje: kl 18.30 (Halvor Røen)
- Todalen kyrkje: kl 20.00 (Anton Husby)
Oversikt over norske falne (VG)
Folk har samla seg ved Gråva på Kvanne for å høyre H.M.Kong Haakon, Kronprins Olav og statsminister Johan Nygaardsvold 8. mai 1945.
Utlånt av Per og Anny Haugen.