Markering av Verdensdagen for psykisk helse: Tillit er beredskap

Fredag 9. oktober inviterer vi til lokal markering av Verdensdagen for psykisk helse på Frivilligsentralen. 

Logo. Verdensdagen for psykisk helse. - Klikk for stort bilde

Årets tema

Årets tema er «Tillit er beredskap», og vi set søkelyset på korleis vi kan stå stødigare når livet utfordrar oss – og kva tillit betyr for den psykiske helsa vår.

Verdensdagen for psykisk helse blir markert 10. oktober kvart år, men markeringa på fredag 9. oktober. I Noreg er dagen del av ein nasjonal kampanje for psykisk folkehelse, med markeringar over heile landet. Temaet i 2026 er «Tillit er beredskap. Hver handling teller».

Årets tema handlar om at psykisk beredskap ikkje berre dreier seg om kva vi sjølve toler når livet blir vanskeleg. Det handlar også om relasjonane og fellesskapa rundt oss. Tillit blir bygd over tid – gjennom korleis vi møter kvarandre, lyttar, held ord og gir rom for å be om hjelp.

Program fredag 9. oktober

I Surnadal markerer vi dagen fredag 9. oktober kl. 10.00–12.00 på Frivilligsentralen i Surnadal kulturhus.

Fagleiar for psykisk helse- og rustenesta i Surnadal kommune, Marit Solem Meisingset, held foredraget:

«Psykisk beredskap og tillit – korleis stå stødig når livet utfordrar oss»

Etter foredraget møter ho Hanne Boge til ein samtale. Boge har eigne erfaringar som pasient i psykisk helsevern, og samtalen vil løfte fram både faglege perspektiv og erfaringar frå pasientsida.

Surnadal sanitetsforening står for kaffe og enkel servering.

Velkommen innom!

Markeringa er eit samarbeid mellom psykisk helse- og rustenesta i Surnadal kommune, Surnadal Frivilligsentral og Surnadal sanitetsforening.

Les meir om årets tema på Verdensdagen for psykisk helse