Meldingar frå Surnadal bibliotek

Den magiske regnskogen   

Halvvegs stengt

Surnadal bibliotek vil vere stengt fredag 11. juni. MEN dei som har meirope tilgang kan logge seg inn gjennom heile dagen.

Heilt stengt

Biblioteket vil vere heilt stengt tre veker i sommar. Det gjeld frå og med måndag 5. juli, og til og med søndag 25. juli.

Det vil heller ikkje vere tilbod om «meirope» i denne perioden. Så hugs å bunkre skikkeleg opp før ferien!

Fullt kjør!

«Sommarles» blir ein slager denne sommaren også!

Vi har kome ei veke inn i juni og så langt har 110 meldt seg på lesekampanjen for alle dei som skal gå på barneskulen til hausten (også rekna med dei som går ut av 7. klasse i vår).

Så langt, altså etter ei vekes tid, har desse 111 fått registrert 381 bøker på tilsaman 33615 sider.

Om du er i denne aldersgruppe, eller har barn som er det, kan du registrere deg (eller dei) på sommarles.no og bli med på sommarens mest vaneskapande positive oppleving!