Midlertidig bru på fv. 65 i Surnadal opna for trafikk

Samfedselsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune melder at den midlertidige brua over elva Folda på fv. 65 i Surnadal er montert og tatt i bruk. No startar rivinga av gamlebrua.Bru klar for åpning Mesta  

 

Pilaren som står i elva er i god stand og skal nyttast på den nye brua. Når resten av gamlebrua er fjerna, blir det starta med å støype nye landkar, legge nye bjelkar og støype ny bruplate.

Lysregulering
Den midlertidige brua er godkjent for modulvogntog og toler større vekt enn gamlebrua. Sidan den midlertidige brua er smalare, blir det lysregulering i heile prosjektperioden fordi trafikken berre kan gå ei retning om gongen. Trafikantane må difor rekne litt ekstra køyretid, seier byggeleiar Morten Ugelstad i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Tømmertransport
Surnadal er den største skogbrukskommunen i Møre og Romsdal. Fylkeskommunen har fått 20 mill. kr i statleg støtte for å gjere utbetringar slik at Follabrua skal tole tømmertransport med totalvekt 60 tonn. Det er B&B entreprenør frå Rindal som har fått kontrakten på oppdraget. Ny bru skal etter planen stå ferdig i løpet av sommaren neste år.

Kontaktperson i Møre og Romsdal fylkeskommune:
Byggeleiar Morten Ugelstad, telefon 930 98 644

Heising midlertidig bru Rune Skoglie         Heising midlertidig bru 2 Rune Skoglie             Midlertidig bru Morten Ugelstad