Heimevernet oppstilt ved Angråmyra skytebane
Heimevernet
Under øvinga vil innbyggarane kunne sjå militært personell og køyretøy fleire stader i kommunen. Det blir også noko militær trafikk langs vegane og ved Kvatro og MøreTre, seier Stig Cato Magnussen i Nordmøre Heimevernsområde.
Militærpoliti ved Angråmyra
Heimevernet
Heimevernssoldatar på plass i Surnadal
Heimevernet
Det blir gjennomført skarpskyting med skarp ammunisjon på Angråmyra skytebane gjennom øvingsperioden 13.–20. oktober.
Skyting med skarp ammunisjon på Angråmyra i dag, 14. oktober. Angråmyra
Heimevernet
Torsdag 15. oktober blir det også skarpskyting på Bøverdalen skytebane. Når det er skyting på skytebanene, blir det heist raudt flagg.
-Som ein del av treninga kan det bli brukt lausammunisjon og andre markeringsmiddel. Det betyr at folk kan høyre skotlydar også i sentrumsområdet, opplyser Magnussen.
Heimevernet har ei viktig rolle i beredskapen vår. Gjennom regelmessige øvingar styrker dei evna til å verne befolkninga og bidra til tryggleik i lokalsamfunna våre dersom ei krise oppstår.
Heimevernet