Møt oss på jobbessa Bli med Hit! i Trondheim

Surnadal kommune, Alti og Talgø blir å treffe på jobbmessa Bli med Hit! i Trondheim 21. november - kjem du?

Jobbmessa Bli med Hit! Møre og Romsdal går av stabelen torsdag 21. november på Radisson Blu Royal Garden i Trondheim. Messa varar frå kl. 17:00 - 20:00. Lyst til å komme? Gratis påmelding finn du her

Saman med bedrifter og kommunar i heile Møre og Romsdal deltar Surnadal kommune også i år. Målet er å informere studentar og unge yrkesaktive i Trondheimsregionen om muleghetene i Surnadal og på Nordmøre. 

Frå vår kommune møter du Karin Halle, kommunalsjef Samfunn og rådgivar Anne Lise With Vullum. Vi står på felles stand med fleire nordmørskommunar.  Du møter også HR-avd. og tilsette i Alti Forvaltning og Talgø Invest med eigne stands.

Rett etter jobbmessa kan du bli med oss og deltakarbedriftene frå Surnadal til ein uformell og triveleg pub-prat.  Ta kontakt med oss på stand, da!

Foto. Surnadalsfjorden og magasinframsider. - Klikk for stort bilde

Lyst på jobb i kommunen?

I Surnadal kan du kombinere ein spennande jobb med eit rikt kultur- og fritidstilbod, tett på livet og kvardagen der du bur.  Surnadal kommune har fleire ledige stillingar. Enkelte av stillingane kan fint kombinerast med studiar og gi deg verdifull praksis.

Indre Nordmøre barneverntjeneste - einingsleiar
Indre Nordmøre barnevernteneste for kommunane Surnadal, Rindal, Sunndal og Tingvoll skal tilsette einingsleiar i fast 100% stilling. Dette er ei utfordrande og viktig leiarstilling, for deg som vil vere med og bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår.

Bu- og aktivitetstenesta - helsefagarbeidar: 
I Bu- og aktivitetstenesta har vi ledige stillingar for helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar og omsorgsarbeidarar i ulike stillingsprosentar. 

Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar kan òg vere aktuell fagbakgrunn. Relevant erfaring frå området kan kompensere for kravet om formell utdanning. Vi har ulike stillingsstørrelsar ledig, også fulltidsstillingar; faste stillingar og vikariat/engasjement. 

Oppvekst - vikariat og engasjement: 
I skulane og barnehagane i kommunen har vi behov for søkarar som kan vere aktuelle for vikariat og engasjement. Vi har også behov for tilkallingsvikarar. Vi ønsker oss barnehagelærarar og undervisningspersonale, men også barne- og ungdomsarbeidarar og assistentar.

Stillingane er godt egna for deg som er i gang med pedagogisk eller anna relevant utdanning og kan tilpassast ein studiekvardag og gi verdifull praksis i studietida.

Helse og omsorgstenestene - vikariat og engasjement: 
Surnadal sjukeheim, Bu- og aktivitetstenesta og Heimetenesta har ledige stillingar på helg og engasjement som tilkallingsvikar. Vi søker personale til ulike stillingstørrelsar på helg og deg som vil vere vikar på tilkalling.

Stillingane er godt egna for dei som planlegg eller er i gang med helsefagleg utdanning og kan tilpassast ein studiekvardag og gi verdifull praksis i studietida.

Vis ledige stillingar i Surnadal kommune          

Sjekk Surnadalsmagasinet

Lyst på jobb i næringslivet?

Arbeidsmarknaden i Surnadal er meir allsidig enn du kanskje trur. Vi har ein unik miks av fleire større bedrifter og små- og mellomstore i ei breidde av næringar.  

Under er eksempel på jobbar i Surnadal som er eller nyleg har vore utlyste i både privat og offentleg sektor. For å sortere på aktive utlysingar sjå FINN.no eller ta ein sjekk hos aktuell arbeidsgivar. 

Vi har tett kontakt med våre nabokommunar på Nordmøre og formidlar gjerne aktuell jobb til eventuell partnar/ektefelle.  Vi jobbar saman for eit attraktivt og berekraftig Nordmøre.  

Foto. Jobber i Surnadal Bli med hit. - Klikk for stort bilde