No blir det god jul på Kvanne

Abonnentane ved Kvanne vassverk har tidvis og over eit lengre tidsrom fått vatn med alt for høgt fargetal. Dette skuldast store utfordringar med sjølve behandlinga.  Sjølv om vatnet har høgt fargetal og er hygienisk tilfredsstillande er ikkje dette noko kommunen vil vere kjent for.

Men no blir alt så mykje betre. Fom 14.12.2023 vil vi levere vatn frå Prestelva vassverk i Stangvik. Dette vassverket, som er dimensjonert for også å kunne forsyne kommunale abonnentar på Kvanne, har dei siste åra vore påkosta store summar med nytt behandlingsanlegg, nytt høgdebasseng og ny inntaksdam. 

Arbeidet med ein overføringsleidning frå Stangvik til Kvanne starta rett etter påske i år, og er no sluttført. Leidningen er om lag 4100 meter lang og består av 125 mm og 110 mm rør.

Neste byggetrinn for Kvanne, er bygging av eit nytt høgdebasseng ved sida av eksisterande basseng. Vi håper å komme i gang med dette arbeidet til våren/sommaren.

Til slutt vil kommunen takke abonnentane på Kvanne for utvist tolmod. 

God jul og godt nytt år!