No kan du sjølv registrere opplysningar om bustaden din

Frå 9. februar kan alle som eig eller festar bustad eller hytte i Noreg sjølve legge inn opplysningar i Eiendomsregisteret hos Kartverket.

Eiendomsregisteret er det nasjonale registeret over norske eigedommar. Her finn du informasjon om grenser, bygningar, adresser og eigarforhold. 

Alle eigarar og festarar av bustad eller hytte vilmotta SMS om dette frå Kartverket.

Kvifor betyr dette noko?

Opplysningane i registeret blir brukte kvar dag – av folk flest, av bedrifter og av det offentlege. Kommunen legg inn mykje av informasjonen, men fordi både reglar og rutinar har endra seg gjennom åra, kan noko vere mangelfullt eller gammalt.

Her kan du hjelpe til. Ved å oppdatere informasjon om bustaden eller hytta di, sørger du for at opplysningane er riktige. Det kan bety betre grunnlag når du skal ta opp lån, teikne forsikring, eller når skatt og avgifter blir rekna ut. Samtidig gjer du jobben til naudetatar, planleggarar og andre viktige samfunnsaktørar litt enklare – og det er noko både du og nabolaget tener på.

Slik går du fram

Du kan sjølv registrere ting som byggeår, vatn og avløp, korleis du varmar opp bustaden, energiløysing og kor stort huset er. Du finn gjerne desse opplysningane i salsoppgåver, takstrapportar, kommunale vedtak – eller du kan bruke det du veit om bustaden din.

Registreringa er frivillig og skjer i ei trygg, digital løysing laga av Kartverket. Du treng ikkje laste opp dokument.

Dette gjer du

  1. Gå til Eiendomsregisteret: https://eiendomsregisteret.kartverket.no/
  2. Logg inn med ID-porten og sjå gjennom det som alt ligg inne
  3. Registrer det du meiner er riktig
  4. Oppdater informasjonen dersom noko endrar seg seinare

Det du legg inn, vil ikkje viske ut det kommunen alt har registrert. Opplysningane blir viste side om side og kan brukast av både offentlege og private aktørar.

Treng du hjelp?

Har du spørsmål om sjølve innlogginga eller korleis løysinga fungerer, kan du kontakte Kartverket.

Oppdagar du feil i dei offentlege opplysningane om eigedomen din, skal du ta kontakt med kommunen slik at vi kan rette det opp.