No startar sikringa av Kvanne ferjekai

Klikk for stort bildeFerke Kvanne - Røkkum Bodil Nes   Møre og Romsdal fylkeskommune startar på sikringa av Kvanne ferjekai måndag 21. juni.

Det blir arbeid seks netter frå kl. 21.15-05.15  i løpet av to veker. Ferja blir innstilt frå kl. 21.15 og resten av kvelden desse dagane.

  • Start måndag 21. juni kl. 21.15, arbeidsveka blir avslutta fredag 25. juni kl. 05.15 (fire netter).
  • Start søndag 27. juni kl. 21.15, nattarbeidet er ferdig tysdag 29. juni kl. 05.15 (to netter)

I arbeidsperiodane blir siste avgang frå Rykkjem kl. 21.00 med retur frå Kvanne kl. 21.15.

Les meir i pressemeldinga frå Møre og Romsdal fylkeskommune (PDF, 135 kB)

Kontaktperson i Møre og Romsdal fylkeskommune:
Prosjektleiar Hallvard Rangnes, telefon 917 00 579