Nokre ledige plassar på kurset «Ta Tak» for pårørande

Surnadal og Rindal kommunar samarbeider også i år om kursserien «Ta Tak». Kurset er eit gratis tilbod til deg som er berørt av at nokon du kjenner har utfordringar med psykisk helse eller rus. Første kurskveld er onsdag 14. oktober, og det er framleis nokre ledige plassar.

«Ta Tak» er for partnarar, foreldre, vaksne barn, andre familiemedlemmer, venner, kollegaer og andre som kjenner seg berørte av psykiske helseutfordringar eller rusutfordringar hos nokon dei kjenner.

Kurset går over fem kveldar og blir gjennomført i samarbeid mellom psykisk helse- og rustenestene i Surnadal og Rindal kommunar og andre med erfarings- og fagkompetanse.

Kunnskap og støtte i kvardagen

Kurset tek opp tema som meistring og verdigheit, rettigheiter og behandling, familieperspektivet og pårørandeorganisasjonar.

Det er ingen krav om å dele personlege erfaringar under kurset. Tilbodet er meint som rein formidling av kunnskap.

Oppstart og påmelding

Første kurskveld: Onsdag 14. oktober 2026 kl. 18.00 - i Surnadal
Omfang: Fem kurskveldar
Pris: Gratis

Det er framleis nokre ledige plassar.

For informasjon om kursstad, datoar for dei øvrige kurskveldane og påmelding, ta kontakt med:

(Surnadal) Linda Margareth Øye Fiske, e-post linda.margareth.oye.fiske@surnadal.kommune.no eller mobil: 47683407

(Rindal) Ingvild Kårvatn, e-post ingvild.karvatn@rindal.kommune.no eller mobil: 48051516