NRK TV-aksjonen
Treng fleire bøsseberarar
Årets TV-aksjon 19. oktober går til Atlas-alliansen og skal opne dører for personar med funksjonsnedsetting, som lever i krig og fattigdom. Pengane skal gå til nødhjelp, utdanning og moglegheiter til eit betre liv.
Meir enn 10 000 barn i Gaza har fått livsvarige skadar etter krigen. Pengane frå årets TV-aksjon skal blant anna gå til nødhjelp, rehabilitering og psykososial støtte til barn og unge i Palestina.
Lokal innsamlingskomité
Surnadal frivilligsentral, Råd for personar med funksjonsnedsetting og personar frå lokale frivillige lag og organisasjonar utgjer lokal innsamlingskomité. Sparebank1 Nordmøre er oppteljingsbank.
Gå årets viktigste søndagstur 19. oktober – bli bøsseberar for TV-aksjonen og Atlas-alliansen. Du kan melde deg som bøsseberar i Surnadal her eller ringe Surnadal frivilligsentral på 47 87 54 85
Her treng vi fleire bøsseberarar:
- SLETTA – SETTEMSDAL
- GRIMSMOMARKA – DALALIA
- STORSVINGTEIGEN - KROKVN. - BENVN.
- VASSENDMARKA (ROGNPILVN. - HJORTVN. - DAMVN. - GRYTVN.)
- RANES - HONNSTAD – VINDØLA
- GALTMETTET - ØSTBØDALEN
Får du ikkje bøsseberar på døra eller er bortreist på dagen, kan du gi til TV-aksjonen her.
Kaffelag og loddsal på frivilligsentralen
Møt opp på Surnadal frivilligsentral, søndag 19. oktober kl. 15.00 - 18.00
Her blir det servering av kaffe og kaker og loddal til inntekt for TV-aksjonen.
Kaker og flotte premiar er sponsa av lokalt næringsliv.