Barna i Farg-familien ble født i en flyktningleir i Idlib, Syria. Nå har de returnert til hjembyen Qalaat al-Madiq, hvor familien prøver å bygge opp livet sitt igjen.
Tina Abu-Hanna/NRC Flyktninghjelpen
Årets TV-aksjon har fått namnet «Saman for menneske på flukt». Nærmare 120 millionar menneske er på flukt frå krig, konflikt og forfølging. Mange har mista heimane sine og treng ein trygg stad å bu.
Pengane frå TV-aksjonen skal gå til arbeid i Syria, Gaza, Afghanistan, Tsjad, Sudan og DR Kongo. NRC Flyktninghjelpen skal mellom anna bidra med midlertidige bustader, reparasjon og gjenoppbygging av heimar, tilgang til reint vatn og sanitære forhold og juridisk hjelp til å sikre bustad- og eigedomsrettar.
Surnadal treng bøsseberarar
Søndag 18. oktober går bøsseberarar frå dør til dør over heile landet. I Surnadal er det Rådet for Surnadal frivilligsentral som er lokal komité for TV-aksjonen.
Surnadal er ein vidstrekt kommune, og den lokale komiteen treng rundt 60 frivillige for å dekke heile kommunen.
Bøsseberinga i Surnadal skjer søndag 18. oktober kl. 15.00–17.00.
Å gå med bøsse tek om lag to timar. Både unge og vaksne kan vere med på dugnaden.
Vil du bli bøsseberar?
Med deg på via TV-aksjonen si nettside, der du finn informasjon om korleis du registrerer deg. Du kan også kontakte Suurnadal frivilligsentral direkte og melde deg som bøsseberar på telefon 478 75 485.
Slik kan du støtte TV-aksjonen
Du kan gi eit bidrag til bøsseberaren som kjem på døra, enten med kontantar eller Vipps.
Du kan også støtte TV-aksjonen på andre måtar:
- Vipps eit valfritt beløp til 2133.
- Gi via ei digital innsamlingsbøsse.
- Gi eit bidrag på giverstafett.no
Bli med på dugnaden søndag 18. oktober!
Les meir om årets TV-aksjon og kva pengane går til på tvaksjonen.no
Innsamlingskafé med song og loddsal på Surnadal frivilligsentral
Søndag 18. oktober kl. 15.00 inviterer den lokale innsamlingskomiteen til innsamlingskafé på Surnadal frivilligsentral i kulturhuset.
Det blir sal av kaffe og kaker, minikonsert med Tordenskjold songlag og loddsal. Alle inntektene frå kaféen går til TV-aksjonen.
Komiteen ønsker også gevinstar til loddsalet frå privatpersonar og næringsliv. Vil du bidra med ein gevinst, kan du kontakte Siv Torvik på telefon 478 75 485.
Alle er velkomne innom til ein sosial ettermiddag for ei god sak!