Ingrid Fagerli har takka ja til stillinga som kommunalsjef Livsløp.
Offentleg foto.
Ingrid bur på Storås og kjem frå stillinga som kommunalsjef for helse og omsorg i Rennebu kommune, ei rolle ho har hatt dei siste seks åra. Ho har i tillegg brei erfaring frå både offentleg sektor og noko privat verksemd tidleg i karrieren.
Fagerli har utdanning frå Universitetet i Bergen, BI, Høgskolen i Nesna og Høgskolen i Hedmark, og har òg delteke i toppleiarprogrammet for kommune- og spesialisthelsetenesta.
Vi ser fram til å ønske Ingrid velkommen til Surnadal kommune frå starten av juni 2026.
Med hennar solide kompetanse og omfattande erfaring er vi trygge på at ho vil bli ein viktig ressurs i arbeidet med å møte både moglegheiter og utfordringar for framtidas Surnadal kommune.