Nye retningslinjer for motorferdsel i utmark

Snøskuter - Klikk for stort bilde Vichie81/Getty Images/Canva Pro

Nye retningslinjer for motorferdsel i utmark er vedtekne. Det meste fortsett som før, men det blir nokre viktige endringar

17. november vedtok kommunestyret nye retningslinjer for motorferdsel i utmark. Det betyr at kommunen kan starte å behandle søknader om motorferdsel for den kommande vinteren. Mange har allereie sendt inn søknad om løyve til å køyre snøskuter og desse vil bli behandla før jul om dei er utanfor verneområde.

Leigekøyringa fortsett som før. Løyve for dei som har vore leigekøyrarar har gått ut og vi søker no personar som vil ta på seg slike oppdrag dei kommande fire åra. Her finn du meir informasjon og søknadsskjema.

Dei nye retningslinjene inneber ei endring i form av at ein kan få opptil tolv turar for transport av utstyr til hytte, tidlegare kunne ein få opptil åtte turar. For løyve til transport av personar med funksjonsnedsetting til hytta, er dei ingen begrensning i antal turar. I tillegg inkluderer dette løyvet moglegheit til å køyra til vennebesøk til hytter i nærområdet. For å få lov til dette må ein i søknaden også føre opp traséar som skal brukast for dette formålet.

Fleire personar kan stå oppført på same løyve for transport av bagasje til hytta. Alle personar som skal bruke løyvet må vere ført opp i søknaden og vere i næraste familie til den som eig eller leiger hytta på åremål. I dei nye retningslinjene har vi definert næraste familie som personar som er i rett oppstigande eller nedstigande ledd. Det kan også vere sambuar eller ektefelle til desse personane. Ein kan for eksempel føre opp ei svigerdotter, men ikkje ein venn, på løyvet.