Kven har løyve?
Tidlegare leigekøyringsløyve galdt til og med sesongen 2025/2026. Det er difor per i dag ingen som har eit slikt løyve. I løpet av hausten 2026 vil det bli kunngjort når det blir opna for nye søknader. Dei som har hatt løyve tidlegare, vil få brev med informasjon om at det er mogleg å søkje på nytt.
Kva for oppdrag kan leigekøyrarane ta på seg?
- transport mellom bilveg og hytte
- tilsyn med privat hytte
- transport for massemedia på reportasjeoppdrag
- transport av funksjonshemma
- transport av ved
Søkje om løyve til leigekøyring?
Ut frå behovet for transport er det vedtatt at det skal vere 14 leigekøyrarar fordelt på 9 soner i Surnadal kommune. Vi har fordelt leigekøyring ut sesongen 2026.
Område for leigekøyring i vår kommune er:
- Vestre Nordmarka
- Østre Nordmarka
- Folldalen
- Vindøldalen
- Bæverdalen
- Strengen, Syltnebba og Skjennå
- Kvenndalen og Østbødalen
- Stangvik
- Bæverfjord, Åsskard og Sollislettet
- Todalen
Dei som har snøskuter i anna næring skal prioriterast ved tildeling og det skal leggast vekt på den næringsmessige betydninga for den enkelte.
Som leigekøyrar kan du ta følgjande oppdrag utan søknad:
- transport mellom bilveg og hytte
- tilsyn med privat hytte etter oppdraget frå eigaren
- transport for presse på reportasjeoppdrag
- transport av funksjonshemma
- transport av ved
- transport etter dispensasjon jamfør § 6 i forskrifta.
Løyvet til leigekøyring gir deg moglegheit, men også plikter. Du må ferdast varsamt og utan unødvendig forstyrring av friluftsliv og dyr og utan å skade naturen. Det er derfor viktig at du sett deg inn i motorferdselslova og motorferdselsforskrifta i tillegg til Surnadal kommunes retningslinjer for motorferdsel i utmark.
Søknadsskjema