Nytt design på heimesida

Bilde av nytt design på nettsida. - Klikk for stort bildeSkjermdump frå den nye nettsida.

Surnadal kommune lanserar i dag heimesider i ny drakt.

Tydeleg kommunikasjonsprofil

Heimesida er vår viktigaste kommunikasjonskanal. Tidlegare i år fekk kommunen ny grafisk profilhandbok med ny logo, dokumentmalar, fonttype, profilfargar og dekorelement. Vi skal vere ein gjenkjenneleg og tydeleg avsendar i all kommunikasjon.

I forbindelse med at fleire Orkide-kommunar har fått ny grafisk profil, har vi gått saman om å utvikle og tilpasse heimesidene i ny drakt. Vi har lagt stor vekt på at innhaldet skal vere lett tilgjengeleg og oversiktleg. 

I vinter spurte vi innbyggarane til råds om korleis vi kan kommunisere betre med ulike målgrupper. Her fekk vi mange gode innspel som vi også har jobba med. Om kort tid lanserar vi ein ny kommunikasjonsplan, mellom anna med utgangspunkt i tilbakemeldingar frå innbyggarane. 

For å gjere deg kjent med dei nye heimesidene, er det beste rådet å klikke litt rundt. Du vil nok sjå enkelte endringar også i tida framover, men informasjonsstrukturen er lagt.  

Vi håpar innbyggarane blir like fornøgde som oss.