Nytt stupetårn i Kalkstranda klart for badesesongen 2019!

Klikk for stort bildeNo kan badegjestar i Kalkstranda glede seg: Det nye stupetårnet er snart på plass! Det er dimensjonert for 29 personar og har sitteplassar.

Surnadal kommune har gjeve oppdraget om å bygge ny badeplattform/stupetårn på Kalkstranda til Sollid Mek Verksted AS. Avtalen er kome i stand etter at Surnadal kommune har gjennomført ein tilbodskonkurranse der oppdraget blei lyst ut til lokale aktørar. Sollid Mek har inngått samarbeid med både Pipelife Norge AS og Talgø MøreTre AS for å få laga eit komplett produkt. Med andre ord blir det nye stupetårnet eit eksempel på godt lokalt samarbeid.

Stupetårnet er sett i produksjon, og ein håpar på ferdigstilling innan badesesongen tek til for fullt. Dekke er på 19,8 m2 (5,5m x 3,6m). Dette blir kjempebra!

Sjå modellteikningar under.

Klikk for stort bildeKlikk for stort bildeKlikk for stort bilde