Om vikingtida på kulturhuset

Forfattar Jan Ove Ekeberg besøker Surnadal 25. april

Jan Ove Ekeberg har hatt stor suksess med sine bøker med handling lagt til vikingtida. Tysdag 25. april kjem han til Surnadal.

Den tidlegare TV2-journalisten er mest kjent for romantriologien «I sverdets tid» og ikkje minst serien «Den siste vikingkongen», der han nøstar opp i den uverkelege historia om Kong Harald Hardråde.  No er Jan Ove Ekeberg ute med boka «Vikingtiden på 200 sider».

Vikingtida endra Noreg for all ettertid. Det er dei blodige kampane og røvartokta som har fått mest merksemd. Men vikingtida var så mykje meir: det var da vi fekk dei første byane, eit nedskrive lovverk og nytt tankesett da kristendommen fekk fotfeste, meir eller mindre frivillig.

Ekeberg har sett seg grundig inn vikingtida under arbeidet med sine bøker, og tysdag 25. april kl. 19 vil han formidle noko av dette vidare til historieinteresserte. Seansen er lagt til kinosalen og det er fri inngang, utan påmelding på førehand.

Forfattarmøtet går inn i tilbodet frå Litteraturhus Møre og Romsdal og det er biblioteket som er lokal arrangør