Omfattande problem med Outlook kan påverke e-post til kommunen

Microsoft har omfattande tekniske problem med Outlook og andre Microsoft 365-tenester. Problema rammar brukarar over heile verda, også i Noreg, og kan påverke e-postkommunikasjonen til og frå Surnadal kommune.

Driftsproblema starta torsdag 12. november og har ført til at mange brukarar har vanskar med å logge inn, lese, sende og motta e-post. Også andre Microsoft 365-tenester kan vere påverka.

Kva betyr dette for kontakten med kommunen?

Problema kan føre til at e-postar blir forseinka, eller at tilsette i kommunen foreløpig ikkje får tilgang til innkomne meldingar. Det kan derfor ta lengre tid enn vanleg å få svar på e-post.

Dersom du har ei sak som hastar, ber vi deg kontakte kommunen på telefon i staden for e-post.

Når blir problemet løyst?

Microsoft arbeider med å rette feilen og gjenopprette normal drift. Det er foreløpig usikkert når alle tenestene vil fungere som normalt igjen.

Du kan følge utviklinga på Microsoft si offisielle statusside.