Skal avklare lokal aksept i Surnadal kommune
Surnadal kommune inviterer alle interesserte innbyggarar til ope folkemøte med Bjarne Otnes frå Statsforvaltaren, måndag 30. september.
Møt opp i Svorkasalen på Surnadal kulturhus kl. 19.00 - 21.00.
Statsforvaltarane i Møre og Romsdal og Trøndelag har fått i oppdrag frå Miljødirektoratet å sette i gang ein prosess med formål om å endre vernestatus for Trollheimen landskapsvernområde til nasjonalparkstatus og utvide verneområdet.
For å endre vernestatus skal det vere avklart at det er lokal aksept for dette.
Det største verna arealet ligg i Surnadal kommune. Det er difor viktig at kommunen får høyre kva innbyggarane meiner om forslaget frå statsforvaltaren, sjølv om lokal aksept er definert som at eit fleirtal i kommunestyret er for.
Seniorrådgivar Bjarne Otnes frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal vil orientere om saka og svare på spørsmål.
Saka med tilhøyrande dokument og presentasjonar finn du på Statsforvaltaren sine heimesider her:
Endring av verneform - Trollheimen og Innerdalen landskapsvernområde -Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Fristen for å gi skriftleg innspel til Surnadal kommune er 6. oktober. Kommunane skal avgi lokal avklaring til Statsforvaltarane innan 1. november.
I første omgang skal ein kun ta stilling til om forslaget skal greiast ut. Spørsmålet om det skal opprettast ein nasjonalpark skal kommunen ta stilling til etter ei eventuell utgreiing.
Prinsippet om lokal aksept gjeld for alle steg i prosessen, og kommunane kan framleis seie nei til endring av verneform og/eller utviding etter at saka er greidd ut og vore på offentleg høyring.
Dersom det ikkje er lokal aksept for endring av verneform og/eller utviding, vil områda behalde eksisterande verneform.
Områda vil bli forvalta av verneområdestyret også etter at ein eventuell verneplanprosess er gjennomført.
Mange grunneigarar har allereie gitt sitt syn, men ein må ikkje vere grunneigar for å gi innspel. Surnadal kommune inviterer alle interesserte innbyggarar, organisasjonar og næringsdrivande til å komme med skriftlege innspel. Desse vil bli lagt fram for politikarane i slutten av oktober.
Kva som skjer om nokre kommunar er for og andre mot ei utgreiing, er enno uavklart.
Brev til kommunane frå Statsforvaltaren:
Avklaring om lokal aksept for endring av verneform og utvidelsar (PDF, 161 kB)
Kart over foreslåtte utvidelsar (PDF, 2 MB)
Presentasjon frå Statsforvaltaren på folkemøte 30 09 24
Ope møte om Trollheimen - Surnadal (PDF, 5 MB)
Høyringsspørsmål
Surnadal kommune vil gjerne vite kva du meiner og ber deg ta stilling til og gi skriftleg innspel til to spørsmål.
- Skal kommunen gå vidare med ei utgreiing om Trollheimen landskapsvernområde skal bli ein nasjonalpark?
- Skal vi utvide verneområdet?
Send innspel til post@surnadal.kommune.no eller til Surnadal kommune, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal. Merk saka: Innbyggarhøyring om Trollheimen nasjonalpark.
Høyringsfrist: 06.10.2024 (utvida)