Oppdater eigenberedskapslageret ditt med ein beredskapsvenn!

Eigenberedskapsveka 2025: Samarbeid og fellesskap er viktig i kriser. Snakk med dei rundt deg om kva som kan skje, og korleis de kan klare dykk saman. 

Egenberedskapsveka blir arrangert i veke 44. Den årlege kampanjen er initiert av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), men kommunar, sivilforsvarsdistrikt og frivillige organisasjonar over heile landet gjennomfører aktivitetar og informasjonstiltak.

Målet er å skape ekstra fokus og kunnskap om egenberedskap i befolkninga, slik at fleire tar grep og førebur seg på å greie seg i 7 døgn.  Det vil gjere både deg og lokalsamfunnet betre rusta til å handtere kriser og hendingar som kan oppstå. For eksempel ved langvarige strømbrudd, som fleire nyleg opplevde under ekstremveret Amy.

Foto. Ein person som sit på ei hylle i eit privat beredskapslager. - Klikk for stort bildeDSB ber deg oppgradere eigenberedskapslageret ditt med ein beredskapsvenn. DSB

Alle treng likevel ikkje gjere alt åleine. Det kan vere lurt å samarbeide med venner, familie eller naboar om eigenberedskap. Snakk gjerne med dei rundt deg om korleis de kan klare dykk saman dersom strømmen, eller internett og mobilnett, blir borte. Det er for eksempel lurt å ha ei plan for å halde varmen.

Dette kan beredskapsvenner hjelpe kvarandre med

  • førstehjelp ved skadar
  • omsorg og støtte
  • opphald og overnatting ved evakuering frå eigen bolig
  • oversetting og forklaring av informasjon frå myndigheitene
  • praktisk hjelp til bruk av utstyr og verktøy
  • innkjøp, bering og transport
  • bytte eller byttelån av utstyr og varer
  • lån av mobiltelefon som er kopla til eit anna nett enn din
  • felles matlaging  

Rettleiar for deg som hjelper andre med eigenberedskap – som pårørande eller i jobben din (PDF, 118 kB)

Fokus på eigenberedskap i Surnadal kommune

Eigenberedskap i lokalsamfunnet er summen av individuell og felles innsats, og tett samarbeid mellom offentleg, privat og frivillig sektor. 

Kvart år gjennomfører kommunane i Møre og Romsdal ei krisehandteringsøving på oppdrag frå Statsforvaltaren. Målet med øvinga er å teste den samla beredskapen i kommunen i møte med ulike scenario. 

I år handla øvinga om langvarig bortfall av strøm og deretter elektronisk kommunikasjon, som følge av sabotasje mot kritisk infrastruktur. Diskusjonsøvinga omfatta også lokale konsekvensar ved strømrasjonering i 1 månad med 40% forbruk.  

Foto. Gruppebilde av kriseleiing og frivillige frå Røde kors, bondekvinnelaget og Sanitetsforeninga. - Klikk for stort bildeKriseleiing og beredskapsaktørar i Surnadal under årets krisehandteringsøving. Frå v kring bordet: Beredskapskoordinator Råg Ranes, kommunedirektør Lars Inge Kvande, kommunalsjef Kenneth Bergstad, varaordførar Annett Ranes, kommuneoverlege Håkon Furu, Åsskard bygdekvinnelag Gunda Bele, psykiatrisk sjukepleiar Anita Faksnes Melkild, kommunalsjef Karin Halle, kommunalsjef Gunhild Eidsli, politistasjonssjef Olav Halse, Surnadal sanitetsforening Elinor Bolme, frå Røde Kors Olav Polden, Oddvar Telstad, Hans Torslett, brannsjef Tor Arne Moen, ordførar Hugo Pedersen, tom stol og fotograf- kommunikasjonsansvarleg Anne Lise With Vullum Surnadal kommune

Surnadal kommune har god eigenberedskap, med god støtte og tett samarbeid med politiet og frivillige organisasjonar som Surnadal Røde Kors, Surnadal Sanitetsforening og Åsskard bygdekvinnelag. 

Vi brukar Eigenberedskapsveka til å minne om at DU er ein del av vår eigenberedskap, og at du sørger for å ha nok vatn, mat, medisinar, ved, batteri og førstehjelpsutstyr for 7 dagar. 

Beredskapsplakat om oppmøteplassar og alternativ kommunikasjon

Behovet for informasjon blir naturlegvis stort og vanskeleg å få dekka ved langvarig bortfall av både strøm og elektronisk kommunikasjon. For slike situasjonar har Surnadal kommune laga ein beredskapsplakat med definerte oppmøteplassar og kontaktpunkt for distribusjon av viktig informasjon.  Her informerer vi også om bruk av jaktradio Kanal Jakt 1. 

Beredskapsplakaten kjem på trykk i Driva, torsdag 31. oktober i Eigenberedskapsveka.  

Her kan du laste ned Beredskapsplakat i Surnadal kommune

Beredskapsplakat Surnadal kommune - Klikk for stort bildeBeredskapsplakat Surnadal kommune

Dette bør du ha heime - sjekkliste

Eigenberedskap på fleire språk