Oppsamlingsdag for influensa- og koronavaksinering 21. november

Timebestillinga opnar 14. november.

Tilbodet gjeld personar i målgruppene for influensa- og koronavaksinering, og som ikkje hadde anledning til å møte i vaksineringsveka i oktober. 

Du bestiller time frå 14. -21. november ved å sende ein SMS til vaksinetelefon: 913 79 001 

  • Oppgi namn, fødselsdato og kva vaksiner du ønsker

Du vil deretter få SMS frå Helsenorge/HelsaMi med tildelt time. Vaksineringa foregår ved Helsestasjonen på Familiens Hus ved kommunehuset på Skei.

Vi vaksinerer kun personar i risikogruppene. Dette gjeld alle over 65 år og andre i eigne risikogrupper. For meir informasjon om vaksiner og anbefalingar, sjå Voksenvaksinasjonsprogrammet (FHI) Andre kan bli vaksinerte på apoteket. Sjuke personar skal ikkje møte opp til vaksinering.

Føresette til barn som er i risikogruppe og ønsker vaksine, bes ta kontakt med helsestasjonen.

Dersom du treng råd grunna medisinske forhold, snakk med fastlege din.