Oppsamlingsdag med korona- og influensavaksinering på Helsestasjonen

Personar i anbefalte grupper som ikkje hadde anledning i oktober får ny sjanse 6. november.

Det blir vaksineringsdag onsdag 6. november på Helsestasjonen kl. 13:00 - 15:30.

Det er ikkje anledning til å møte tidlegare denne dagen. Du treng ikkje bestille time, men må møte innanfor oppsett tidsrom.  

Til deg som av gode grunnar heller ikkje har anledning den 6. november, vil det komme eit tilbod i desember. 

Vi etterstrebar å gjennomføre vaksineringstilbodet så effektivt og fleksibelt som muleg i ei tid med stort press på helsetenestene.  Vi har svært begrensa kapasitet til å tilpasse vaksinering til kvar enkelt utover oppsette datoar.