Måndagen deltok varaordførar Annett Ranes på opning av desentralisert sjukepleierutdanning i Orkland. -Dette er eit stort og viktig samarbeidsprosjekt som legg til rette for at fleire kan ta ei viktig utdanning for fremtida, seier Ranes.
Utdanninga har skapt stor interesse, både lokalt og nasjonalt. Da søknadsfristen i Samordna opptak gjekk ut i vår, vart studiet omtala som eitt av dei mest populære i heile landet – målt etter antal studieplassar.
Vi ønskjer alle studentane lykke til og er glade for at slike tilbod blir oppretta.
Sjøve undervisninga vil i hovudsak foregå på Orkdal sjukehus og Orkland videregående skole, medan Studiesenteret har flytta inn i lokalar ved Kuben på Orkanger. Studiesenteret på Orkanger husar også desentralisert barnehagelærarutdanning, i samarbeid med Nord universitet og DMMH.
Les meir om opninga av den desentraliserte sjukepleiarutdanninga i Orkland
Informasjon om studiet
Foto: Ina Marie Holseth.