Øyabrua i Todalen blir midlertidig stengt frå 31. oktober

Dette gjeld for all ferdsel, også gåande.

Etter siste befaring på Øyabrua i Pilskarvegen i oktober har Teknisk drift vurdert at det ikkje er tilrådeleg med ferdsel over brua. Brua er i svært dårleg forfatning. 

Frå og med fredag 31. oktober er brua midlertidig stengt for all ferdsel, inkludert gåande.  

I 2026 vil det bli kartlagt kva som eventuelt skal/kan gjerast med brua. Den vil difor vere stengt inntil vidare avklaring. 

Teknisk drift

Skade på brukonstruksjon - Klikk for stort bilde
Skade på brukonstruksjon - Klikk for stort bilde
Underlag på brua - Klikk for stort bilde
Skade på brukonstruksjon - Klikk for stort bilde
Skade på brukonstruksjon - Klikk for stort bilde
Oversiktsbilde av Øyabrua - Klikk for stort bilde
Foto. Øyabrua med skilt om brustenging. - Klikk for stort bilde