Det vil bli felles avgang frå bommen ved Pebua kl. 18.00.
Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal vil også vera representert på turen, så her vil det vera muleg å få seg ein prat om friluftsliv med fleire sentrale aktørar som påverkar friluftslivet i kommunen!
Turen går innover til Langøya, der det er Stikk UT!-post i sommar. Det vil bli gått etter grusvegen som snor seg langs elva innover dalen. Turen vil passe for dei fleste, unge som gamle, men det er no dessverre litt redusert framkommelegheit innafor bommen på grunn av vegarbeid. Det skal likevel ikkje vera problem å gå innover etter vegen.
Det vil bli enkel bevertning framme ved turmålet, og trekning av premiar blant deltakarane!
Vegen til Vinddøldalen er bomveg, så hugs å betale bompengar (kortterminal) i Holtamoan, rett etter at du har svinga inn på Vinddøldalsvegen!

Vegen snor seg langs elva innover dalen. Foto: Norunn Holten

Ved Stikk UT!-posten i Langøya. Foto: Norunn Holten