Pårørandekafé- tid til meg 6. mai - Surnadal kommune - Startsida

Pårørandekafé- tid til meg 6. mai

Obs! Frivilligsentralen har fått nye lokale.

Om dette arrangementet

Surnadal sanitetsforening, Surnadal demensforening og helselag og Surnadal kommune opnar dørene til ny pårørandekafe førstkommande onsdag i Frivilligsentralen sine nye lokale på Surnadal kulturhus. 

Dette er ein fristad der omsorg, fellesskap og ein kopp kaffe kan gå hand i hand.

Tilbodet er gratis og ope for alle pårørande, uansett livssituasjon og bostedsadresse. Av erfaring veit vi at kommunegrensene ikkje er eit hinder, men ein styrke for pårørande.

Nyoppstarta sorggruppe

Denne gongen får vi besøk av kyrkjekontoret, som fortel om den nyoppstarta sorggruppa si, og elles korleis dei kan vere ein ressurs for pårørande i ulike livssituasjonar.

Tid og stad

  • Møt opp i Surnadal Frivilligsentral sine nye lokale i kulturhuset
  • Onsdag 6. mai, frå kl 18 til kl 20.

Velkommen