Pårørandeskulen 2026 – kunnskap og støtte til deg som står nær ein person med demens

Har du eit familiemedlem eller ein venn med demenssjukdom? Surnadal Demensforening og Helselag og Rindal Demensforening inviterer, i samarbeid med Surnadal kommune og Rindal kommune, til Pårørandeskulen 2026. 

Her får du kunnskap og råd som kan gjere kvardagen som pårørande litt enklare, og anledning til å møte andre i ein liknande situasjon.

Å vere pårørande til ein person med demens kan vere både fint og krevjande. Mange har behov for meir kunnskap om sjukdommen, råd om korleis ein kan handtere ulike situasjonar og informasjon om kva hjelp og støtte som finst.

Pårørandeskulen består av fire kurskveldar frå 14. oktober til 5. november. Tilbodet er for deg som har eit familiemedlem eller ein ven med demenssjukdom, og for andre som er spesielt interesserte.

Målet er å gi pårørande meir kunnskap om demens og eit betre grunnlag for å meistre eigen situasjon og samværet med den som har demens. 

På alle kurskveldane blir det kaffipause og sett av god tid til spørsmål og uformelle samtalar.

Kursprogram

Onsdag 14. oktober – demenstypar, kommunikasjon og samhandling

Stad: Surnadal Frivilligsentral, Kulturhuset
Tid: kl. 19.00–21.30

Siri R. Brustad snakkar om ulike typar demens og om kommunikasjon og samhandling. Siri er pensjonert helsearbeidar med lang erfaring frå demensomsorga.

Tysdag 20. oktober – sorg, tap og psykisk helse

Stad: Surnadal Frivilligsentral, Kulturhuset
Tid: kl. 19.00–21.30

Siv Ekrem snakkar om sorg, tap og psykisk helse. Ho er spesialsjukepleiar innan psykisk helse og rusarbeid i Orkland.

Onsdag 28. oktober – kommunale tilbod, hjelpemiddel og velferdsteknologi

Stad: Rindal helsetun, Eldresenteret
Tid: kl. 19.00–21.30

Aud Helgetun gir informasjon om kommunale tilbod og hjelpemiddel, og om bruk av velferdsteknologi. Ho er spesialsjukepleiar i demenssjukdom i Rindal.

Torsdag 5. november – framtidsfullmakt og meistring i pårøranderolla

Stad: Rindal helsetun, Eldresenteret
Tid: kl. 19.00–21.30

Trygve Børve snakkar om belastning og meistring i pårøranderolla. Han er psykolog og føredragshaldar. Orkla sparebank snakkar om framtidsfullmakt m.m.

Påmelding innan 10. oktober

Du melder deg på ved å kontakte heimetenesta på dagtid mellom kl. 08.30 og 15.00:

Surnadal: telefon 90 20 63 98
Rindal: telefon 95 05 90 62 eller 91 65 18 77

Har du problem med å kome deg til kurskveldane, kan du ringje påmeldingsnummeret.

Samarbeid mellom kommunane og demensforeiningane

Pårørandeskulen blir arrangert av Surnadal Demensforening og Helselag og Rindal Demensforening i samarbeid med Surnadal kommune og Rindal kommune.

Velkommen til Pårørandeskulen 2026!

Infoplakat om Pårørandeskolen 2026 - Klikk for stort bilde