Biblioteket vil vere ope laurdag og så dei to første dagane i påskeveka. Men det vil vere muleg å nytte «meirope tilgang» kvar dag i resten av påska.
Surnadal kino vil vise film palmesøndag og så kvar einaste dag frå tysdag av. På repertoaret står KUNG FU PANDA, IBELIN, DUNE 2 og dei du skal ringe til om det skjer noko rart i nabolaget ditt. Jau, GHOSTBUSTERS er tilbake! I GHOSTBUSTERS: FROZEN EMPIRE har skumle krefter utsett New York for ei ny istid, så da er det berre å ta opp mobilen og ringe både nye og gamle spøkelsesjegerar.
Bilde frå filmen Ghostbusters
Ghostbusters: SF Studios
Gå inn på https://surnadal-kulturhus.no/filmer/ for å få oversikt over når filmane går.