Pressemelding frå Surnadal kommune - ikkje påvist koronasmitte

Ein husstand i Surnadal kommune har sidan tysdag 03.03.20 vore i karantene grunna mistanke om koronavirus-smitte. Dette var eit føre var-tiltak i påvente av prøvesvar. Vi har no motteke negativt prøvesvar og behovet for karantene er ikkje lenger tilstades. 

Vi minner om at det er viktig med god håndhygiene. Vask hendene godt etter toilettbesøk, før måltid og når du kjem heim frå arbeid, skule eller har vore på plassar der andre ferdast. Vi oppfordrar til å følge Folkehelseinstituttet sine anbefalingar.