Pressemelding: Todalen barnehage blir stengt frå og med august 2021

  Kommunestyret gjorde hausten 2018 eit vedtak omkring minimumsgrenser for barne-/elevtalet ved hhv. Todalen barnehage og Todalen skule.  Dette vedtaket vart den gongen godt motteke av lokalsamfunnet i Todalen, ved at det gav ein forutsigbar situasjon omkring vidare drift.

Elevtalet har gradvis gått ned og etterkvart under denne fastsette grensa på 20 elevar, med det som resultat at skulen vart samanslått med Stangvik skule frå og med skuleåret 2021/2022.   

Når det gjeld barnehagen var vedtaket «dersom barnetalet ved Todalen barnehage blir fire eller mindre, blir barnehagen samanslått med Stangvik barnehage pr 01.08 det året dette eventuelt skjer».  

Ved opptaket pr 1. august 2021 er dessverre situasjonen slik at det er berre 3 barn som har søkt og fått tildelt plass ved Todalen barnehage i kommande barnehageår.   Dette betyr i praksis at grensa i vedtaket frå kommunestyret slår inn, og barnehagen blir dermed stengt.  Dei aktuelle familiane/ungane får tilbod om plass ved Stangvik barnehage.   

Leiinga ved Todalen og Stangvik oppvekstsenter har i løpet av tysdag 3. august informert aktuelle familiar om situasjonen.  Det same gjeld sjølsagt også dei tilsette ved Todalen barnehage – som alle får tilbod om jobb ved Stangvik barnehage.

Administrativ og politisk leiing har drøfta den oppståtte situasjonen i felles samtalar dei siste dagane, men vi ser dessverre ikkje grunnlag for fortsatt drift.  Noko som betyr at vedtaket frå 2018 blir lagt til grunn for stenginga.   

Det blir likevel poengtert at barnehagen er stengt, og ikkje nedlagt. Dersom situasjonen skulle endre seg betydeleg i positiv retning på eit seinare tidspunkt, kan det vere aktuelt å vurdere behovet på nytt.

Ordførar og kommunedirektør har allereie invitert seg til eit møte med Todalen Grendalag i slutten av august, der temaet i utgangspunktet var å drøfte framtida for skulebygget.  Det vil også vere naturleg å drøfte barnehagesituasjonen på kort og lang sikt i dette møtet. 

Kontaktperson for Surnadal kommune er fungerande ordførar Hugo Pedersen (mobil 911 29 434).

Surnadal kommune, 4. august 2021

Margrethe Svinvik, ordførar
Hugo Pedersen, varaordførar / fung. ordførar
Tove Mogstad, leiar i Hovudutval for oppvekst
Knut Haugen, kommunedirektør
Astrid Mogstad Høivik, kommunalsjef oppvekst
Gro Kvammen Sæter, einingsleiar Todalen og Stangvik oppvekstsenter