Reglar for bålbrenning - pinse- og sankthansbål

Hugs å søke om/melde frå om bålbrenning i pinsa.

Vi minner om at det frå 15. april til 15. september er generelt forbod mot å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og annan utmark. Dette gjeld òg ved anledningar som pinse og sankthans.

Kommunen kan likevel tillate større bål (for eksempel pinsebål) etter søknad, dersom det kan gjerast på ein trygg måte og utan fare for brannspreiing.

Dette må du hugse:

  • Du må ha løyve frå kommunen dersom bålet er stort. Søknad om bålbrenning
  • Bålet skal plasserast på ein trygg stad, med god avstand til bygningar, vegetasjon og anna brennbart materiale.
  • Det er berre tillate å brenne reint trevirke og hageavfall – ikkje avfall, plast eller impregnert materiale.
  • Den som er ansvarleg for bålet, må sørge for tilsyn og ha sløkkeutstyr lett tilgjengeleg.
  • Bålet skal sløkkast heilt før staden blir forlatt.

Vis alltid omsyn til ver- og vindforhold. Tryggleiken kjem først.

Vi ønsker alle ei fin pinsefeiring.