Rokonkurranse og kommunekamp 1. september i Svinvika!
1.september kl.13.00 arrangerer næringsutviklingssamarbeidet mellom Sunndal og Surnadal rokonkurranse og kommunekamp i Svinvika.
Idrettslag og vidaregåande skular frå båe sider av fjorden vil delta i eit heseblesande robåt-race og det blir arrangert næringsquiz mellom kommunestyra. Svinvik Gard serverer bålkaffe og kortreist mat.
Ta turen for ein triveleg familiedag og for å heie på din kommune. Det blir arrangert ulike konkurransar, leiker og hesteridning. I tillegg er Svinviks arboret åpent for den som ønskjer å ta seg ein tur dit.
Publisert 13.08.2018 14:44