Sikring av Kvanne ferjekai og varsel om nattarbeid frå 19. april

I eit varslingsbrev til kommunen skriv Møre og Romsdal fylkeskommune at dei startar på sikringa av Kvanne ferjekai tysdag 6. april. Arbeidsperioden blir på fem veker, dei tre siste vekene med nattarbeid og innstilte avgangar.

Periode med dagarbeid og noko forseinkingar frå 6. - 18. april

Større og kraftigare ferjer har ført til undergraving av steinfyllinga ved ferjekaia slik at fyllinga har vorte ustabil og treng sikring. Ein 30 meter lang støttevegg av stålspuntar skal sikre steinfyllinga på den gamle dampskipskaia. Det blir brukt vibrolodd for å sette 30 meter lange spuntnåler 18 meter ned i sjøbotnen. 

Sidan den gamle dampskipskaia blir rekna som eit kulturminne blir ikkje støtteveggen synleg over havoverflata. Der blir det stein som i dag. Sikring med spuntvegg blir gjort på dagtid og frå sjø medan ferja går etter vanleg rute, måndag til laurdag, mellom kl. 07.00 og 18.00.

Trafikantane bør difor rekne med enkelte forseinkingar på inntil 30 minutt frå 6. - 18. april.

 

Sikring av Kvanne ferjekai MRfylke   

Periode med nattarbeid og innstilte avgangar i tre veker frå 19. april

For å hindre ytterlegare utvasking frå ferjene må også sjøbotnen sikrast. Massen som ligg på sjøbotnen i dag må fjernast og erstattast før 42 betongmadrassar som kvar veg 9,8 tonn blir lagt utover botnen for permanent sikring. For at arbeidet skal vere til minst mogleg hinder for trafikken blir denne delen av arbeidet gjort om natta.

Nattarbeidet startar måndag 19. april og varer i tre veker. Siste ferje går frå Kvanne klokka 21 og resten av avgangane blir innstilte. Sambandet følger vanleg rute frå morgonen igjen. Fylkeskommunen melder om at det blir arbeidd mellom klokka 21 og 05 alle netter med unntak av natt til søndag. Anleggsarbeidet gir dessverre også støy, både frå maskiner og frå fylling av stein. 

Støy over grenseverdiane og overnattingstilbod

Møre og Romsdal fylkeskommune har gjort ei vurdering som viser kva eigedommar som kan få støy over grenseverdiane som normalt er lov for nattarbeid. Dei som eig ein bustad som blir utsett for slik støy kan få tilbod om alternativ overnatting på Thon Hotel Surnadal dei aktuelle nettene. Ein må ha rekvisisjon frå fylkeskommunen for å kunne nytte tilbodet. Om ein ikkje sjølv bur i bustaden ber fylkeskommunen om at ein vidareformidle informasjonen til dei som bur der.

Slik reduserer du støy

Fylkeskommunen skriv at dei har stor forståing for at støyen kan opplevast som ei belastning og vil gjere det dei kan for å gjennomføre arbeidet så effektivt som mogleg. Naboar er oppmoda om å halde ventilar, vindauge og dører lukka for å redusere støyen inn i bustaden sin. Fylkeskommunen kjem også til å følgje opp entreprenøren med støymålingar i arbeidsperiodane.

Kontaktpersonar for Møre og Romsdal fylkeskommune

Har du spørsmål eller ønskjer overnatting kan du kontakte ein av byggeleiarane:

  • Oskar Einarsson: E-post: oskar.einarsson@mrfylke.no Telefon: 970 86 371
  • Hanne Kristine Skrede: E-post: hanne.kristine.skrede@mrfylke.no Telefon: 976 55 192

Når det blir arbeidd om natta kan du kontakte entreprenøren direkte: Telefon: 970 09 465