Siste frist for bestilling av husnummerskilt

Husnummerskilt - Klikk for stort bilde  

Alle 4884 adresseverdige bygg i kommunen har no fått tildelt husnummer (adressenummer). Huseigar eller festar har ansvaret for å sette opp nummerskilt på eige bygg eller eigedom. Mange har bestilt våre skilt med svarte tal på kvit refleksbakgrunn, godkjente frå Kartverket.

Vi tek no ein siste runde med tilbod om bestilling av skilt via kommunen. Siste frist er 1. oktober. Etter denne datoen lyt du ordne deg med skilt sjølv. Du kan f. eks. bestille husnummerskilt på posten.no. 

Prisen er som før: Kr. 140 pr. skilt, enten det er med 1 eller 4 tal på.

Her kan du laste ned bestillingsskjema (DOCX, 85 kB) og sende til oss.