Sjekk ut Sommarmagasin frå eit optimistisk næringsliv i Surnadal!
Eit optimistisk lokalt næringsliv har sommarmenyen klar: Bruk den!
Vi går snart inn i ein sommar kor vi er oppfordra til å bruke ferien til skattejakt på lokale opplevingar og til å handle lokalt. Ordførar Margrethe Svinvik i Surnadal kommune er oppteken av at vi skal ha sterke lokale bedrifter til beste for alle og oppfordrar til å vere turist i eigen kommune!
Næringslivet i Surnadal tilbyr eit flott handelstilbod og består av mange framtidsretta bedrifter med trygge arbeidsplassar. Kvar dag blir det skapt store lokale verdiar å bygge vidare på for kommande generasjonar. Les meir om dei i Sommarmagasinet!
Sommarmagasinet er distribuert i postkassar i heile kommunen og digital versjon finn du her.
Publisert av Anne Lise With Vullum
Publisert 29.05.2020 13:14