Skiftar stikkrenner mellom Skei og Åshaugen

Møre og Romsdal fylkeskommune skal frå 12. – 16. juni skifte ut 13 stikkrenner på fylkesveg 670 mellom Skei og Åshaugen i Surnadal kommune. Arbeidet vil gå føre seg på natt og med lysregulering, slik at ein må rekne med noko forseinkingar.

Nattestengd fredag 16. juni

Natt til fredag 16.juni må vegen stengast mellom kl. 00.00 og 05.00. Det er ikkje lokal omkøyring i denne perioden. Naudetatar kan passere.

Etter 16. juni blir det gjort oppryddingsarbeid, men dette skal ikkje påverke trafikken.

Kontaktperson: 

Kjetil Okkenhaug, byggeleiar fylkesvegavdelinga, Møre og Romsdal fylkeskommune. Tel: 483 06 054. ​