Slik blir 17. mai-feiringa 2023

Foto av 17 mai tog på Skei - Klikk for stort bilde

 

Velkommen til 17. mai i sentrum og i grendene.

Slik feirar vi nasjonaldagen i Surnadal

Det er ungdomsrådet i Surnadal som er 17. mai-komité. Dei vil gå fremst med flaggborga i hovudtoget. Leiar Ida Mo går først i toget. 

I år som i fjor blir det tog-oppstilling og start frå Øye stadion. Togavgang blir til vanleg tid – kl. 13.15. Toget går til kulturhuset på Skei, med stopp ved sjukeheimen. Klassane plasserer seg etter skulekorpset med dei minste elevane først.

Oppstilling:

1. Hovudfana

2. Flaggborg

3. Surnadal skulekorps

4. Surnadal barne- og ungdomsskule (med foreldre og søsken bak)

5. Surnadal hornmusikk

6. Barnehagane

7. Surnadal vidaregåande skule

8. Lag, organisasjonar og andre

Ved sjukeheimen blir det spela to songar, Ja vi elsker og Fagert er landet, før toget går vidare til kulturhuset. Ved kulturhuset skal ein først synge ”Fagert er landet”, deretter blir det talar ved hovudtalar og russepresident, før vi avsluttar med Ja vi elsker.

Songtekstane finn du her (PDF, 147 kB)

Kjøretøykortesje

Det blir arrangert bilkortesje frå Øye Stadion kl.15.00.  Rute: Øye-Glærum -Røtet-Øra-Grytå-Skei-Alti.  (Arrangementskomiteen ber om at tyngre kjøretøy ventar i området ved Eik -senteret når kortesjen er innom Surnadalsøra)

Feiringar i grendene

Dei ulike grendene har lokale feiringar på nasjonaldagen, i år som tidlegare. For best muleg oversikt år for år, er alle arrangement samla på eiga Facebook-side.

Informasjon om feiring i grendene finn du på Facebook-sida 17. mai i Surnadal

Informasjon om gudstenester i kyrkjene 17. mai