Snart vinterferie: Informasjon om godt smittevern og coronavirus

Klikk for stort bildeHelsedirektoratet har sendt ut informasjon til alle kommunar til bruk på skular, barnehagar, sjukeheimar og andre institusjonar. Bedrifter som er i kontakt med reisande blir og bedne om å bruke informasjonsmateriellet og iverksette tiltak der det er behov.

Coronaviruset er enno ikkje påvist i Norge, men vi har høgsesong for influensasmitte og snart er det vinterferie. Det er ekstra viktig å redusere det generelle smittenivået i befolkninga no slik at helsetenesta kan ha betre kapasitet til å handtera pasientar som eventuelt kan bli smitta med coronavirus. 

Helsedirektoratet har difor oppfordra til å henge opp plakat med generelle hygieneråd på stader der mange menneske møtest.

Helsedirektoratet har sendt ut tre dokument for innbyggarar og reisande:

 

1. Smittevernplakat for reisande på norsk - engelsk - kinesisk
Last ned smittevernplakat for reisande her (PDF, 874 kB)

2. Informasjonsark som er retta mot dei som jobbar i kontakt med turistar og folk som kjem til Norge
Last ned informasjonsark for deg som jobbar med reisande her (PDF, 118 kB)

3. Generell smittevernplakat om gode vanar som forebygger smitte. Den rettar seg mot publikum generelt, for eksempel til bruk i skular og barnehagar.
Last ned generell smittevernplakat her (PDF, 2 MB)